Vellet oppretter eit stiutval
1. august 2019: Raphamn Vel oppretter eit stiutval for å auke farten på ryddinga og merkinga av stier på Raphamn og i Raphamnfjellet. Utvalet og arbeidet vert leda av styremedlem Ove Turtum, som er vëllet sin representant i Stiglaget. Dette er skilt ut frå Løypelaget, og har ein representant frå alle velforeningane.
I utgangspunktet er det ønskeleg med fem medlemar, inkludert styremedlem Ove Turtum, men alle som melder seg får sjølvsagt bli med. Til kvar enkelt dugnad vil alle som har lyst til å gjøre ein innsats for fellesskapet bli invitert med.
Send oss ein e-post dersom du har lyst til å bli med i utvalet eller vil vere med å rydde stier.
Over Turtum fortel at vellet skal følgje opp og vera med å ordne med sommarstigane i vårt område. Dette gjeld merking og rydding av stignettet.